| Vinnaren av gratis sesongkort er trekt! |
 |
| Me har no trekt ut vinnaren av eit gratis sesongkort for neste sesong i Sysendalen Skisenter! Vinnaren heiter Simen Solberg! Fint om du sender oss ein mail med adresse og alder til post@hsfs.no så snart som mogleg Simen! Gratulerer!11.04.12
|
 |
 |
| Nye bilete på galleriet! |
 |
| Bilete frå påskeferien er lagt ut på galleriet! Fleire bilete kjem! Takk for ei fin påskefeiring! 09.04.12 |
 |
 |
| Takk for besøket! |
 |
Hardangervidda Ski og Fjellsport AS takkar store og små for besøket i påskeferien og resten av sesongen! Velkomen på ski att i desember!
08.04.12 |
 |
 |
| Ver oppmerksam |
 |
| Me er no inne i tida der snøen smeltar frå både over- og undersida. Dette fører til at det dukkar opp bekkar, steinar og knausar i nedfartane. Me gjer vårt beste for å merke, fylle i eller merke slike hinder, men ber samtidig om at brukarane av løypene gir tilbakemelding om dei ser steinar som stikk opp, bekkar som er komne fram og liknande.02.04.12 |
 |
 |
| Påskeferie! |
 |
| Påskeferien og storinnrykk av glade skifolk i Sysendalen nærmar seg, og som vanleg har me nokre oppmodingar å koma med før det heile brakar laus:- me har hjelmpåbod for born under 12 år i skisenteret, men me oppmodar sjølvsagt om at og vaksne nyttar hjelm når dei står på ski hjå oss. Hjelmar kan ein låna gratis av oss i køyrebua.- i påska vert det ofte kø for å koma på heisane. Me ber om at de prøver å gå to og to på T-heisen slik at me får unna køen og at alle får stå meir på ski enn i kø.- ta ei ekstra kikk i lomma på skijakka og sjekk at KeyCardet er med før de dreg i bakken. Me låner ikkje ut KeyCard for dei som har gløymt dette.- det er fint om gjester i kiosken ryddar borda etter seg når dei er ferdige slik at neste mann kan bruka bordet. Det er ikkje alltid me i kiosken har tid til å rydde etter Dykk med ein gong.- me ber om at hytteeigarar i Leif Rune Maursteh sine hyttefelt på Maurseth nyttar Leif Rune sin del av parkeringsplassen, då me treng plassen vår til våre gjester
- me slit med elvekryssingane rundt om i løypenettet i dalen. Me gjer vårt beste for å halde på kryssingane så lenge som mogleg, men det minkar på snøen og arbeidet vert vanskelegare og vanskelegare. Me ber om forståing for at em kan måtte koma til å stenge løyper pga dårlege elvekryssingar.- vatna rundt løypa til Leirhalsen er ikkje trygge, vis difor aktsemd dersom de går på ski utanom oppmerka løypeDå gjenstår det berre å ynskje velkomen til i kjempekjekk avslutning på skisesongen i Sysendalen, med kveldskøyringar, quiz, påskerenn og påskehare, samt mykje anna moro! Skisenteret er ope kvar dag frå 10 til 17, og me har afterski frå 15 til 18 kvar dag! Me grillar ute kvar dag dersom grilveret viser seg! Velkomen opp i påskefjellet!26.03.12 |
 |
|
|
 |
| Påska 2012 |
 |
| Program for påska 2012 er klart! Sjekk ut linken under! Velkomen til ei kjempekjekk veke med ulike aktivitetar i Sysendalen Skisenter!15.03.12 |
 |
|
|
 |
| Nye bilete på galleriet! |
 |
| Bilete frå vinterferien er lagt til på galleriet.04.03.12 |
 |
 |
| Takk for besøket! |
 |
| Hardangervidda Ski og Fjellsport AS takkar både store og små for besøket i ein vinterferie med mykje ver! Vil samtidig ynskje velkomen på ski i Sysendalen i helgane framover mot påskeferien! Det er no det er fint til fjells!04.03.12 |
 |
 |
 |