Sysendalen - Porten til Hardangervidda Sysendalen Skisenter Kva skjer? Løypelaget Hyttevelforbundet
Startside
Vedtekter
Styret
Støttespelarar
Status løypebidrag 01.04. 2017
I samband med adresseprosjektet i Sysendalen, er det og gjort opptelling av talet på hytteeiningar i dalen. 932 hytteeiningar er det i Sysendalen. Det gjev eit inntektspotensiale for Sysendalen Løypelag på kr 652 400 dersom me får 100% oppslutning om løypebidraget. I dag er litt over 60% av dette kome inn. Med fjelløypene er det no over 80 km med skiløyper i Sysendalen og i fjellet. I løpet av sommaren og hausten 2017 vil vinterløypene bli merka i samsvar med den nasjonale merkestandarden. Sommarløyper til og rundt Grytehorgi er og med. Like etter påske 2017 vert arbeidet med ordentleg bru i Skitsetegila sett i gong. På sikt vil det og bli vurdert å få opp gapahukar på utvalde stader i løypenettet. Så bli med og støtt opp om arbeidet til Sysendalen Løypelag og Sysendalen Hyttevelforbund. Bruk vedlagte faktura eller bruk Vipps ved å søke på Sysendalen Løypelag og betal inn kr 700. Takk til alle dei som har bidrege med nær 500 timar dugnadsarbeid i løypenettet hausten 2016/vinteren 2017.
FrivilligInnbetalingLøypeproduksjon2017HytteInnbyggjar.pdf
Løypebidrag kr 700 Vipps og SPING
Sysendalen Løypelag har no etablert avtale med Vipps (DNB) og SPING (Sparebanken Vest). Det betyr at det og er mogeleg å betale løypebidraget for sesongen 2016/2017 med desse tjenestene. Løypebidraget er uendra frå sesongen 2015/2016 kr 700. Sysendalen Løypelag og Sysedalen Hyttevelforbund samarbeider om utvikling og vedlikehald av løyper og satsen for løypebidrag er godkjend av årsmøtet/generalforsamlinga i Sysendalen Hyttevelforbund hausten 2016. Stor takk til alle som prioriterer å støtte arbeidet med turløyper i Sysendalen.
Innbetalingsblankett løypebidrag 2016/2017
I vedlegget finn du informasjonen du treng for å betala inn løypebidraget for sesongen 2016/2017 på kr 700. Kontonummer:3450 37 86011
FrivilligInnbetalingLøypeproduksjon2017HytteInnbyggjar.pdf
Det nasjonale merkeprosjektet i Sysendalen
I løpet av dei neste vekene vert 7 informasjonsskilt over turløyper i Sysendalen montert opp. Informasjonsskiltet syner vinterløypene slik dei vil vere ved opning av vintersesongen og sommarløyper rundt Grytehorgi. I neste veke reknar me med at skiltplanen for retnings- og distanseskilta i løypenettet vert ferdigstilt og i månadsskiftet november/desember kjem skilta til Sysendalen. Nye retnings- og distanseskilt kjem ikkje ut i løypenettet før til sommaren. Den største dugnadsjobben står dermed att. I haust er det lagt ned tett oppunder 500 timar i dugnadsarbeid av hyttefolk og grunneigarar. Stor takk til dei som legg ned stor innsats for at me alle kan få flotte turopplevingar i og rundt Sysendalen i vinter. Målet må vere å få full oppslutning om løypeavgifta på kr 700.
MontertSkiltDøme2016.png
 
Løypebidrag

Skiglede
 
 
Besøk: 3239618
Logg inn
 
Produsert av Okapi AS